Samfunnstryggleik og beredskap

  • 1 uke siden
  • Oslo

Jobb informasjon

  • icon
    Antall stillinger 1 stilling(er)

Jobb beskrivelse

Arbeidsgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Stillingstittel: Fagdirektør
Frist: 02.12.2022
Ansettelsesform: Fast

Bli kjent med ARBEIDS- OG INKLUDERINGSDEPARTEMENTET

Om stillinga

Har du interesse for samfunnstryggleik og beredskap? Vi har ledig ei nyoppretta stilling som fagdirektør på dette området.

Hovudoppgåvene i stillinga er utvikling av departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og koordinering av dette arbeidet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin sektor. Du vil få oppgåver som følger av krav i instruksen for sammfunnstryggleik og tryggleikslova.

Du vil vere ein del av eit team med 2-3 erfarne medarbeidarar.

Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.

Arbeidsoppgåver

Du vil jobbe med:

  • koordinering og vidareutvikling av samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet i departementet og mot våre underliggande verksemder
  • leie arbeidsprosessar og gi rettleiing i departementet sitt arbeid på området
  • oppfølging av regjeringa sin politikk på området
  • oppfølging av krav og føringar om korleis verksemder i offentleg sektor skal jobbe med samfunnstryggleik og beredskap
  • førebuing av saker til departementet si toppleiargruppe og politisk leiing, og oppfølginga av desse
  • analysar av utviklinga på samfunnstryggleiksområdet med relevans for sektoren, inkludert gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar
  • samarbeid med andre departement og deltaking i tverrdepartementale fora

Kva slags bakgrunn har du?

Vi søker etter deg som:

  • har utdanning på mastergradsnivå innan samfunnsvitskap og/eller tryggleik og beredskap
  • har omfattande erfaring med tryggleiks- og beredskapsarbeid frå ulike verksemder
  • har omfattande erfaring frå arbeid i departement, inkludert arbeid med samfunnstryggleik og beredskap
  • har god kjennskap til Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin sektor, og beredskapsoppgåver som vedkjem sektoren
  • har eit godt nettverk på tryggleiks- og beredskapsområdet
  • kan klarerast for nivå STRENGT HEMMELEG

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lagd ved søknaden.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • har evne til analytisk og strategisk tenking
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • meistrar hektiske arbeidsperiodar
  • har god samarbeidsevne
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Kva får du hos oss?

  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegar. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Krevande og interessante rådgivings- og utgreiingssoppgåver.
  • Lønn vil ligge mellom 700 000 og 880 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane dine.
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også høve til å trene i arbeidstida.
  • Trivelege lokale i Oslo sentrum.

Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Ellisiv Taraldset, e-post elt@aid.dep.no, tlf. 469 47 813.

Om arbeidsgiveren

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.

Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.

Vi er om lag 230 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei presse- og kommunikasjonseining.

Budsjett- og styringsavdelinga har ansvaret for å koordinere, kvalitetssikre og følge opp departementet sitt arbeid med statsbudsjettet, forsking og utvikling, kommunikasjonen med Riksrevisjonen, tverrgåande oppgåver knytt til styringa av dei underliggande verksemdene og høyringssaker.

Avdelinga har òg ansvaret for styringa av Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten, økonomiforvaltinga i departementet og samfunnstryggleiken i sektoren.

Sektor: Offentlig
Sted: Akersgata 64, 0180 Oslo
Bransje: Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon: Samfunnsviter, Sikkerhet

motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling

Uploading