Ønsker du deg interessante og utfordrande oppgåver innanfor eit fagområde med høg politisk merksemd? Vi har ledig ei fast stilling i seksjon for budsjett og busetting i Integreringsavdelinga.
Avdelinga har ansvar for å utvikle og samordne regjeringa sin integreringspolitikk, og du vil få utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk. Arbeidet involverer samhandling med mange aktørar og blir gjort i nær dialog med den administrative og politiske leiinga i departementet. Vi arbeider ofte med korte tidsfristar. Du må kunne bruke fagbakgrunnen din til å sette deg raskt inn i, vurdere og presentere komplekse saker klart og kortfatta.
Seksjonen har mellom anna ansvar for regjeringa sin politikk for busetting av flyktningar og avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet. Du vil arbeide med utgreiing av aktuelle forslag, budsjettinnspel til regjeringa og dagsaktuelle saker innan seksjonens ansvarsområde. Arbeidet omfattar mellom anna å
Avdelinga er oppteken av å bruke ressursar på tvers. Andre arbeidsoppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde kan òg bli aktuelt.
Vi ser etter deg som
Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Som medarbeidarar i departementet er vi fagleg engasjerte, tar ansvar, er gode lagspelarar og utvikler og forbetrer.
Andre vilkår
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inkluderingspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt en tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 240 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Integreringsavdelinga har ansvaret for politikk og verkemiddel som skal fremme integrering av innvandrarar med mål om høg arbeids- og samfunnsdeltaking. Avdelinga utviklar og samordnar politikk som påverkar integreringa på ulike samfunnsområde.
Seksjon for budsjett og busetting har ansvar for statsbudsjett, internadministrasjon, etatsstyring av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, digitalisering, busetting av flyktningar, tilskot til kommunar og frivillige organisasjonar, overføringsflyktningar og frivilligheit.
Få e-postvarsling