Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • Offentlig administrasjon
  •  Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging
  • 3 uker siden
  • Trøndelag

Jobb informasjon

  • icon
    Antall stillinger 1 stilling(er)

Jobb beskrivelse

Arbeidsgiver: Miljødirektoratet
Stillingstittel: Vil du arbeide med nasjonalparkar og andre verneområde?
Frist: 09.10.2022
Ansettelsesform: Fast

Om stillinga

I arbeidet med verneområde møtest biologi og samfunnsfag. I verneområda skal naturen og verneverdiane ha førsteprioritet. Samstundes ønskjer vi at folk skal få oppleve det vi i fellesskap skal ta vare på. Ferdsel og bruk må difor styrast slik at verneverdiane ikkje blir skadd. Konkret vil det hande om å samarbeide med forvaltningsstyresmakter for verneområde over heile landet om planar, informasjon, tiltak og besøksstrategiar, og å ha kontakt og løysa utfordringar på tvers av sektor- og fagområde. Vil du jobba med slike utfordringar? Då er du kanskje den vi ser etter!

Verneområdeseksjonen (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/land–og-friluftslivavdelingen/verneomrader/) styrer prosessar for etablering av nye verneområde og gir råd til Klima- og miljødepartementet i slike saker. Vi skal arbeida for å betra tilstanden i eksisterande verneområde, og utvikla bruken av ei merkevare for alle verneområde. Rettleiing av forvaltningsstyresmakter og behandling av forvaltningsplanar, besøksstrategiar og klagesaker er viktige oppgåver. Ikkje minst skal vi utvikla kunnskapsgrunnlag, fagsystem og digitale verktøy på ansvarsområdet vårt.

Seksjonen har 17 dyktige tilsette, og har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.

Seksjonen er ein av seks seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/land–og-friluftslivavdelingen/), som har ansvaret for friluftsliv og viktige delar av arbeidet med naturmangfald.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • arbeid med rettleiing og godkjenning av forvaltningsplanar og besøksstrategiar for verneområde
  • rettleiing og oppfølging av statsforvaltarar og najonalpark- og verneområdeforvaltarer
  • vidare utvikling og bruk av merkevara Noregs nasjonalparkar, inkludert vurdering av konkrete informasjonstiltak der merkevara skal nyttast
  • løyse andre oppgåver knytt til forvaltning av verneområde

Du må rekna med noko reising.

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • du har relevant utdanning på mastergradsnivå eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse på masternivå.
  • du har gjerne erfaring frå arbeid med verneområdeforvaltning eller liknande, til dømes erfaring frå arealplanlegging eller friluftslivs-/reiselivsplanlegging
  • du har god IT-kompetanse
  • du har gjerne erfaring med kartarbeid
  • du har helst minimum to års relevant erfaring frå offentleg forvaltning

Eigenskapar

  • evne til å jobba tverrfagleg på tvers av organisatoriske einingar og sektor- og temaområde
  • god rolle- og forvaltningsforståing
  • gode samarbeidsevner internt og eksternt
  • god evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi tilbyr

  • fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med løn frå kr. 493 700,- (ltr 53) til kr. 714 000,- (ltr. 74) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkar kan vurderast noko høgare.
  • ei spennande og utfordrande stilling
  • god mogleighet for faglig og personlig utvikling
  • eit breidt tilbud av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksibel arbeidstidsordning og pensjons- og boliglånsordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no)

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Knut Fossum tlf. 91 81 42 01, e-post knut.fossum@miljodir.no.

Spørsmål om søknadsprosessen kan også rettast til HR-rådgiver Grethe S. Solberg Mossige tlf. 41 14 88 73, e-post grethe.solberg.mossige@miljodir.no.

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar gjennom Jobbnorge.no. Skriv søknadsbrevet på norsk. Last opp vitnemåla dine frå Vitnemålsportalen.

Last opp vitnemåla dine frå Vitnemålsportalen (https://www.vitnemalsportalen.no/).

Merk søknaden: 63-2022 LVE

Søknadsfrist: 9. oktober 2022

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jamfør offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, vil du få melding, og høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenkje til personvernerklæringa (http://www.miljodirektoratet.no/no/Om-Miljodirektoratet/Personvern-pa-miljodirektoratetno/) vår.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire med redusert funksjonsevne, hol i CV-en og innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava i Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 56 stader i landet.

Sektor: Offentlig
Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Bransje: Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging, Biolog
motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling