Nynorskpraktikant i NRK

  • 2 uker siden
  • Vestland

Jobb informasjon

  • icon
    Antall stillinger 5 stilling(er)

Jobb beskrivelse

Arbeidsgiver: NRK
Stillingstittel: Nynorskpraktikant i NRK
Frist: 15.10.2022
Ansettelsesform: Engasjement

Bli kjent med NRK – Norsk Rikskringkasting AS

Har du lyst til å prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer!

Vi ser etter samfunnsengasjerte ungdommar som brukar nynorsk. Du kan søkje uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Norge, Trøndelag, Sørlandet eller Innlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn ikkje alle andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.

Arbeidsoppgåver

Ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde får du opplæring og praksis i journalistikk på nett, TV, radio og sosiale medium. Opplæringa er svært praktisk og går føre seg etter lære-med-å-gjere-det-metoden.

Som praktikant lagar du saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen. Du lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og å arbeide under tidspress. Alle praktikantane får tett oppfølging frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland og andre NRK-redaksjonar.

Praktikantane må lære dei arbeidsverktøya NRK brukar. Mediespråket er nynorsk.

Det 38. kullet med praktikantar byrjar 2. januar og er ferdig 30. juni 2023. Det er fem plassar på kullet.

Kvalifikasjonar

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.

Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.

Personlege eigenskapar

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med ?eirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet. Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.

Vi tilbyr

  • Seks månader opplæring og praksis i NRK med løn.
  • Opplæring i journalistikk, med nynorsk som mediespråk, på nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.
  • Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
  • Prioritet til stillingar i NRK du er fullt ut kvalifisert for i tre år etter avslutta opplæring. I den perioden er du rekna som intern søkjar i NRK, men det er ingen garanti om arbeid etter ferdig praksis.

Les meir om stillingane på https://nynorskmediesenter.no/

Til no har vi lært opp 185 nynorskpraktikantar. Om lag 59 prosent av dei jobbar i media, og om lag 40 prosent er no tilsette i NRK. Vi har og tidlegare praktikantar i TV 2, i tillegg til ei rekke ulike riks- og lokalaviser rundt omkring i landet.

Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut nytt kull med same søknadsfrist som oss.

Om arbeidsgiveren

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Sektor: Privat
Antall stillinger: 5
Sted: Prestebøen 2, 6800 Førde
Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon: Foto, lyd og lys, Journalist

Nøkkelord

Praktikant, nynorskpraktikant, NRK

motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling