Nynorskpraktikant i NRK

Stillingen

  • icon
    Antall stillinger 1 Stilling(er)

Stillingsbeskrivelse

Nynorskpraktikant i NRK

Vil du prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer!

To gongar i året tar NRK inn fem talentfulle nynorskpraktikantar, som får opplæring og praksis i journalistikk på alle plattformer. Praktikantperioden er på seks månadar, der dei fire første månadane er i NRK i Førde og dei to siste i ein annan redaksjon i NRK.

NRK treng nynorskbrukarar frå heile landet. Du treng ikkje utdanning eller erfaring med journalistikk for å vere med, og du får praktikantløn i heile perioden.

Vi ser etter deg som er nynorskbrukar, samfunnsengasjert og har talent for journalistikk!

Arbeidsoppgåver

Ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde får du opplæring og praksis i nyhendejournalistikk på nett, TV og radio.

Som praktikant lagar du saker for nett, radio og TV i den daglege nyhendeproduksjonen i redaksjonen. Du lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og å arbeide under tidspress. Alle praktikantane får tett oppfølging frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland og andre NRK-redaksjonar.

Vi gir opplæring i NRK sine arbeidsverktøy. Mediespråket er nynorsk.

Kvalifikasjonar

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist.

Vi tar inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi ser først og fremst etter talenta.

Vi ønsker at du skriv ein søknad som fortel noko om deg sjølv og kvifor du søker. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden.

Du har digital kompetanse eller talent for journalistikk på digitale plattformer.

Det er ønskeleg at du har førarkort.

NRK treng nynorskpraktikantar i ulike redaksjonar, både i riksredaksjonane på Marienlyst i Oslo og i distriktsredaksjonane rundt omkring i landet. Det er derfor fint om du skriv litt om kvar du kan tenke deg praksis i søknaden. Les meir om alle distriktskontora våre her: https://www.nrk.no/informasjon/nrk-sine-distriktskontor-1.6631072.

Personlege eigenskapar

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet.

  • Du må vere interessert i det som skjer i samfunnet og følge med på nyhende.
  • Du må ha stå-på-vilje og like utfordringar og høgt tempo.
  • Du har handlekraft og god gjennomføringsevne.
  • Du har eit levande og godt språk, med evne til å fortelje.
  • Du likar å samarbeide og dele kunnskap med andre.

Vi tilbyr

  • Unik opplæring og praksis i journalistikk med nynorsk som språk for nett, radio og TV.
  • Løn som praktikant i heile perioden.
  • Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
  • Ingen garanti for arbeid etterpå, men gode moglegheiter for vidare engasjement i NRK.
  • Etter avslutta opplæring blir du rekna som intern søkar i NRK i tre år.
  • Du får jobbe i eit framoverretta journalistmiljø i det moderne Nynorskhuset i Førde.
  • Eit pulserande og kjekt praktikantmiljø. Det er fem praktikantar på kullet, og vi er dessutan mykje i lag med praktikantane ved Nynorsk avissenter. Dei har ei tilsvarande opplæring for avis og nett i Førde, og lyser etter eit nytt kull med same søknadsfrist som oss.

Du kan søke uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet eller Austlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn få andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.

Vi les søknadar fortløpande og kallar inn til intervju kort tid etter søknadsfristen.

Les meir om stillingane og opplegget på https://nynorskmediesenter.no/

Om arbeidsgiveren

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

  • Sektor:Offentlig
  • Antall stillinger:5
  • Sted:Storehagen 10, 6800 Førde
  • Bransje:Medie- og innholdsproduksjon
  • Stillingsfunksjon:Journalist
  • Arbeidsspråk:Norsk

Nøkkelord

praktikant, nynorsk, journalist, journalistikk, videojournalist

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Rune Fossum Lillesvangstu
  • Stillingstittel:Leiar
  • Telefon:91 87 41 11
  • Kontaktperson:Eva Marie Felde
  • Stillingstittel:Faglærar
  • Telefon:99 54 88 28
motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling

Uploading