Kunderådgjevar Bergen/Sogndal

  • Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap, Fiskeri og oppdrett
  • 3 uker siden
  • Vestland

Stillingen

  • icon
    Antall stillinger 1 Stilling(er)

Stillingsbeskrivelse

Jobb med bedrifter i fiskerisektoren

Vår kollega med ansvar for fiskeri skal bli pensjonist, og vi ser no etter hennar erstatter.

I denne rolla skal du først og fremst hjelpe bedrifter innan fiskerisektoren (flåtefinansiering og kvoter) med å avklare behov, gi faglege råd, vurdere og finne gode finansieringsløysingar.

Du skal levere breidda av våre finansieringstenester, med hovedfokus på lånefinansiering. Vi forventer at du i tillegg kan bidra med rådgjeving på område som forretningsutvikling, nettverk og berekraftsrisiko.

Oppgåvene vil vere ein kombinasjon av rådgjeving og saksbehandling – med utarbeiding av finansieringssaker som ein sentral del av arbeidet. Din sterke interesse for kreditt- og finansiering vil bidra til at du innan kort tid vert ein naturleg sparringpartner for aktørane i bransjen.

Du vil bli ein sterk bidragsytar i å gjere ordningane våre kjende for aktørane i bransjen, blant anna gjennom å vere sparringspartnar for nye og etablerte bedrifter. Vi har eit sterkt fokus på berekraft i heile organisasjonen, og du vil bli ein pådrivar for dette når du jobbar med bedrifter som har ambisjonar om vekst og auka verdiskaping.

Dagane dine vil vere varierte, og du vil bruke tida på å:

Lytte: Bruke tid saman med nye og eksisterande kundar for å identifisere behov og bidra til å realisere berekraftige prosjekt i næringslivet

Utvikle: Vere nysgjerrig på nye idear og prosjektforslag. Drive fram auka verdiskaping, innovasjon og grøn omstilling gjennom proaktivt marknads- og mobiliseringsarbeid.

Analysere: Vurdere innkommande prosjekt og søknader, og utarbeide finansieringssaker.

Samarbeide: Du vil bli del av eit sterkt team i Vestland, og samarbeide med kollegaer i inn- og utland. Vi samarbeider også med eksterne samarbeidspartnarar som bankar, kunnskapsparkar og andre offentlege aktørar.

Som person har du eit stort engasjement for kunderelasjonar. Du er analytisk og har evne å kome til kjerna i kundane sine behov. Vi har stort fokus på teamarbeid internt, og det er derfor viktig for oss at du opplever samarbeid som verdifullt. Du er resultatorientert og har ei strukturert og sjølvgåande tilnærming til arbeidet ditt.

Ønska bakgrunn og kompetanse:

  • Utdanning innan økonomi, finans, teknologi eller tilsvarande
  • Solid bedriftsøkonomisk forståing og kompetanse om strategisk forretningsutvikling
  • Kredittfagleg kompetanse, med vekt på vurdering av kredittrisiko og bedrifta si evne til å betene lån
  • Kunnskap om fiskeri og fiskeribransje er ein fordel

Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Noregs samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er sett av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.

Søknadsfrist: 19. september

Kontaktperson: Avdelingsleiar Eirik Brekke, tlf. 917 98 452

Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med forskjellige kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.

Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.

Om arbeidsgiveren

Innovasjon Norge er statens og fylkeskommunenes virkemiddel for verdiskapende næringsutvikling i hele landet. Våre mål er flere gode gründere, flere vekstkraftige bedrifter og flere innovative næringsmiljøer i Norge. Med kunderettede enheter i alle landets fylker og i over 20 land verden over har vi som visjon å gi lokale ideer globale muligheter. Innovasjon Norge har ca. 700 ansatte. Innovasjon Norge skal kjennes som en pådriver for innovasjon i norsk næringsliv – med vekt på verdiene; Koblende, Ansvarlig og Nytenkende.
  • Sektor:Offentlig
  • Sted:Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen
  • Flere arbeidssteder:TROLLADALEN 30, 6856 Sogndal
  • Hjemmekontor:Delvis hjemmekontor
  • Bransje:Bank, finans og forsikring, Fiskeri og oppdrett, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon:Forretningsutvikling og strategi, Rådgivning, Økonomi og regnskap
  • Arbeidsspråk:Norsk

Nøkkelord

innovasjon, fiskeri, forretningsutvikling, økonomi, rådgivning

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Eirik Brekke
  • Stillingstittel:Avdelingsleiar
  • Telefon:91 79 84 52
motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling

Uploading