Fast stilling innen miljøøkonomi

Stillingen

  • icon
    Antall stillinger 1 Stilling(er)

Stillingsbeskrivelse

Er du ein dyktig samfunnsøkonom med interesse for miljø?

Er du ein dyktig samfunnsøkonom med interesse for miljø?

Om stillinga

Miljøøkonomiseksjonen søker etter ein samarbeidsorientert og fagleg flink medarbeidar som kan bidra til å styrke arbeidet med samfunnsøkonomiske vurderingar i Miljødirektoratet. Hos oss vil du få spennande oppgåver som å utforme nytte-kostnadsanalysar og bidra til andre samfunnsøkonomiske vurderingar. Arbeidet er i hovudsak prosjektorganisert og knytt til direktoratet si rådgiving til Klima- og miljødepartementet.

Miljøøkonomiseksjonen er ein av seks seksjonar i Vann- og kunnskapsavdelinga. Seksjonen har ansvar for samfunnsøkonomiske vurderingar knytt til direktoratet sine arbeidsoppgåver innan både klima, forureining og naturforvalting. Vi arbeidar på tvers i organisasjonen, er rådgivarar for miljøfagavdelingane og har oppgåver på dei fleste av direktoratet sine miljøområde, som klima, naturmangfald, miljøgifter, luftkvalitet og avfall.

Seksjonen har 14 dyktige medarbeidarar og er organisert med medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av denne stillinga er i Trondheim.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • utforming av konsekvensvurderingar og annan samfunnsøkonomisk analyse på direktoratets arbeidsområde
  • gi råd til fagavdelingane om samfunnsøkonomiske vurderingar i større enkeltsaker
  • bidra til at direktoratet oppfyller dei krav og føringar som statsforvaltinga har til utgreiingar
  • bidra til opplæring i miljøøkonomi for fagavdelingane

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • du må ha utdanning på mastergradnivå innan samfunnsøkonomi, siviløkonomi eller tilsvarande. Samfunnsøkonomiske tema må vere ein vesentleg del av utdanninga.
  • du må vere fagleg dyktig og kunne bruke faget på praktiske problemstillingar
  • du må ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
  • erfaring frå arbeid med samfunnsøkonomiske analysar gjennom studiar eller arbeid er ein fordel
  • det er ønskeleg med kjennskap til offentleg forvalting
  • kompetanse på synleggjering og verdsetting av naturverdiar vil telje positivt
  • kunnskap om verkemiddelanalyse og verkemiddelbruk i andre sektorar er ein fordel

Eigenskapar

  • du finn heilskaplege løysingar på fagleg samansette problemstillingar
  • du har god rolleforståing
  • du samarbeider godt på tvers av ulike fagområde
  • du kan arbeide sjølvstendig, målretta og du tek ansvar for eigne leveransar
  • du er ein dyktig formidlar

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt i vurderinga av søkarane.

Vi tilbyr

  • fast stilling med lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr. 548 600 til kr. 870 900 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkar kan vurderast noko høgare.
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • moglegheit for noko heimekontor etter avtale
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no)

Har du spørsmål?

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Guro Børnes Ringlund på telefon 93 29 24 89, e-post guro.bornes.ringlund@miljodir.no, eller seniorrådgivar Kirsten Grønvik Bråten på telefon 41 49 70 11, e-post kirsten.gronvik.braten@miljodir.no. Begge er tilgjengelege frå 5. august.

Oppgi referansenummer 72-2024 VMI når du tek kontakt.

Generelle opplysningar

Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.

Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.

Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.

Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.

Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.

  • Sektor:Offentlig
  • Sted:Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
  • Hjemmekontor:Delvis hjemmekontor
  • Bransje:Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon:Samfunnsviter, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering, Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson:Guro Børnes Ringlund
  • Stillingstittel:seksjonsleiar
  • Telefon:93 29 24 89
  • Kontaktperson:Kirsten Grønvik Bråten
  • Stillingstittel:seniorrådgivar
  • Telefon:41 49 70 11
motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling

Uploading