Bli en viktig finansiell sparringspartner for bedrifter i Vestland

  • Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
  • 2 uker siden
  • Vestland

Stillingen

  • icon
    Antall stillinger 1 Stilling(er)

Stillingsbeskrivelse

Vår kollega har fått nye moglegheiter internt – er du den som skal overta stafettpinnen?

I rolla som kunderådgjevar innan finansiering vil dine primære arbeidsoppgåver vere å vurdere søknader om finansiell støtte og våre tenestetilbod til bedrifter frå tidleg fase til vekst- og internasjonaliseringsfase.

Oppgåvene dine vil vere å:

  • behandle komplekse lånefinansieringssaker som vekstlån, innovasjonslån og grøne lån
  • analysere økonomiske behov
  • behandle tilskots- og lånesøknader
  • følgje opp interne og eksterne kundar
  • rapportere på framdrift og resultat

Du vil bli ein viktig sparringspartnar for kundane våre og hjelpe dei med å optimalisere si utvikling mot ein lønsam og grøn forretningsmodell. Evna til å byggje relasjonar, tilpasse kommunikasjonen og formidle komplekse finansielle konsept på ein lettfatteleg måte er essensielle eigenskapar.

Saman med våre internasjonaliseringsrådgjevarar vil du bistå kundar som har ambisjonar om å nå ut i nye eksportmarknader, og du vil samarbeide tett med interne avdelingar for å sikre smidig prosesshandtering. Her er det viktig med sterke analytiske ferdigheiter, blant anna for å forstå kjernen i til dels komplekse saksforhold.

Du har brei kompetanse med finansiering, rådgjeving innan forretningsutvikling, revisjon, og/eller frå vekstbedrifter. Det er ein fordel med god kjennskap til det norske innovasjons- og vekstøkosystemet, samt til globale trendar og moglegheiter. Det vil vere ein fordel med teknologisk forståing.

Du er nysgjerrig og opptatt av å setje deg inn i kundens marknad, for å kunne vere ein så god rådgjevar som mogleg. Det er viktig med høg gjennomføringsevne og at du trivst i roller med stor autonomi.

Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norges samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.

Kontaktperson for stillinga er avdelingsleiar Eirik Brekke, tlf. 917 98 452.

Søknadsfrist: 10. november

Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med forskjellige kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.

Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.

Om arbeidsgiveren

Innovasjon Norge er statens og fylkeskommunenes virkemiddel for verdiskapende næringsutvikling i hele landet. Våre mål er flere gode gründere, flere vekstkraftige bedrifter og flere innovative næringsmiljøer i Norge. Med kunderettede enheter i alle landets fylker og i over 20 land verden over har vi som visjon å gi lokale ideer globale muligheter. Innovasjon Norge har ca. 700 ansatte. Innovasjon Norge skal kjennes som en pådriver for innovasjon i norsk næringsliv – med vekt på verdiene; Koblende, Ansvarlig og Nytenkende.

Nøkkelord

innovasjon, finansiering, økonomisk rådgivning, bank, saksbehandler

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Eirik Brekke
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar
  • Telefon: 91 79 84 52
motta ledige jobber på epost

Få e-postvarsling

Uploading